Aktivitetsdag 14. mai
KFUM VoldaOpprettet av Margrete Apelseth Skaare 07 mai, 2008 21:42:12Aktivitetsdag i hallen og trenarmøte onsdag 14. mai. Enkel servering, JU16 tek med ein porsjon bollar eller liknadne kvar.
Frå tind til tare for Latvia-gjestane
- Kjempekjekt! Både gjestene frå Latvia og vertane frå KFUM Volda var strålande nøgde etter helgas mange opplevingar i Volda og Ørsta. I alle fall heilt til bussen havarerte på Folkestad.
Måndagens heimreise frå Volda blei dermed kraftig forseinka, og først etter åtte timar kunne dei halde fram turen mot Oslo og Stockholm med nyreparert buss. Men før dette – frå ankomst med pizzaservering torsdag kveld til piknik på Raudøya søndag ettermiddag – klaffa det meste.
- Vi var veldig spente på førehand, fortel Ingebjørg Osdal i arrangementsgruppa. – Det var mange ting som skulle klaffe, både praktisk avvikling av dei mange arrangementa, transport, matservering og ikkje minst korleis det ville fungere å ha folk med litt ymse engelskkunnskap buande rundt i heimane. Vi håpa dessutan på fint ver. Det slo også til, så gjestane fekk sjå tidlegvåren på Sunnmøre frå si beste side!
Meir enn volleyball
Dei 21 ungdommane var elevar ved ein vidaregåande skule i Saldus, ca 120 km sørvest for hovudstaden Riga. Dei fleste av dei ni vaksne i følgjet var lærarar og leiarar ved skulen.
Trenar Jarle Bae fortel at det har vore kontakt og besøk mellom Volda og Saldus-området fleire gonger dei siste åra. Tidlegare har både Volda frilynde ungdomslag og Volda mannskor vore i Latvia – og fått gjenvisitt – og i fjor haust var eit gutelag frå KFUM Volda av garde. - Det sportslege utbyttet og fellesskapen gjennom trening og kampar er berre ein del av gevinsten, framhevar trenaren. - Det er vel så viktig at gutane og jentene våre får utvida horisonten gjennom direkte kontakt med ungdommar med ein heilt annan bakgrunn og kultur.
Jarle Bae fortel også at det for gutelaget til KFUM Volda ligg ekstra godt til rette for kontakt med Latvia, sidan ein av gutane har latvisk mor. - Dace Dizbite Ose har budd i Volda i mange år. Saman med mannen Jan har ho vore til uvurderleg hjelp som kontaktperson, tilretteleggjar og tolk, både i samband med dette besøket i Volda og på den turen vi hadde til Latvia i fjor.
Variert program
Gruppa frå Latvia kom til Volda torsdag kveld. Fredag var det sosialt samvær på Uppheim om føremiddagen, før kommunal mottaking med ordførarhelsing og middag på Omsorgssenteret. Deretter busstur til Sæbø før trening i Voldahallen saman med jente- og gutelag frå KFUM Volda. Laurdag var det volleyballturnering heile dagen før Uppheim-fest om kvelden. Søndag føremiddag fekk dei ein luftig tur med skiheisa på Bondalseidet. Høgaste fjellet i paddeflate Latvia er på ca 300 m, så utsikta frå Eitrefjellet gjorde inntrykk. Deretter bar det i buss under Vartdalsfjorden heilt til Flø før dagen blei avslutta med piknik og fiske på og ved Raudøya.
Anne Grethe Vågen var ansvarleg for serveringa på fellessamlingane, og ho fortel om stor velvilje frå fleire av matbutikkane i Volda då KFUM Volda på førehand spurde om støtte til matinnkjøp. – Det er flott at næringslivet ser verdien av å sponse oss når vi har slike tiltak, og gjestane var heilt overvelda over den gode – og gratis – serveringa vi kunne tilby. Dette er flott Voldareklame både lokalt og i Latvia. Vi sette sjølvsagt også stor pris på at kommunen gjorde stas på gjestane våre med helsingar, gåver og servering, avsluttar Vågen.
Bakgrunn:
Latvia ligg i midten av dei tre baltiske landa på austsida av Østersjøen.
2,5 mill. innbyggjarar
Hovudstad: Riga (850 000 innb.)
Språk: Latvisk
Styreform: Republikk
Sjølvstende frå Sovjetunionen i 1991
(Også sjølvstendig republikk 1919-1941) Byen Saldus: ca 12500 innbyggjarar
Adm.senter i Saldus fylke, sørvest i landet.
Saldus Profesionala vidusskola (vidaregåande skule):
Yrkesfaglege studieretningar, 585 elevar og 50 lærarar
Torgeir Dimmen
I uvande omgjevnader langt heimanfrå: Full aprilvinter på Eitrefjell.
Kultur- og næringssjef Gunnar Andenes og ordførar Ragnhild Aarflot Kalland spanderte volleyballar i gåve.
Jarle Bae og Dace Dizbite Ose saman med nokre av gjestane frå Latvia på mottakinga på Volda omsorgssenter.
Diana, Kristine og Madara nyt utsikta frå Sæbø
Jarle Bae og Dace Dizbite Ose ynskjer velkomen til volleyballturnering laurdag.
Anne Grethe Vågen serverer taco. Uvant, men godt, var tilbakemeldinga.
Alle ungdommane frå Saldus og Volda samla på Uppheim.
God stemning under gåveoverrekkinga laurdag kveld: Frå venstre Ole Peder Dalen, inspektør Liga Mezzile, Jarle Bae, gjestetrenar Robert Kim og visedirektør Aivars Ozols.
Arne Ola Grimstad orienterer om Raudøya. Dace Dizbite Ose tolkar.
Diverre null napp på reiseleiar Aivars Ozols, men han var like blid for det.
Årsmelding 2008»




KFUM Volda stilte med lag i klassene U12, U16, U17 og U19.
Sluttresultat Blindheimscupen 2008: http://idrett.speaker.no/Downloads/66716/docs/Sluttplasseringer_Blindheimscupen_2008_N3_1.mht
I klasse U12 er det berre vinnarar 
Klart for bestilling av UMBRO Klubbdress, anorakk, to sortar genserar og to sortar bukse.
Du kan fritt velje kva du likar best og kombinere ulike storleikar på bukes og overdel. Klubbdressen har lik storleik på jakke og bukse.
Prøving:
Damelaget onsdag 2. april frå kl. 17 i Voldahallen
JGU16,U17,U19 og herre laurdag 12. april ved intern turnering i høve besøk frå Latvia.
U12 G98 ( Bratteberg) på trening fredag 4. april og på trening fredag 11. april. Foreldre bør vere med.
U12 vert avtalt seinare. Foreldre bør vere med.
Prisar vaksne (xs-xxl) / born (128-164):
Klubbress kr 650 / 455
Anorakk 260 / 195
Genser ( ny modell ) 260 / 230
Genser ( same modell som tidlegare ) 230 /195
Bukse ( ny modell ) 230 / 195
Bukse ( same modell som tidlegare ) 195 / 165
For medlemmar i klubben vert det trykt KFUM VOLDA på ryggen og reklame for IK reklame. Framme reklame for sparebanken Møre og for Sport1.
Tillegg for dei som skal ha namnetrykk:
Pris spelarnamn: 40 kr på genser/jakke, 60 kr loddrett trykk på bukse. Tingast direkte hjå IK Reklame i ettertid av den enkelte.
Det er leveringstid på klea, så dei kjem nok ikkje før NM. Ved bestilling av kle vert det delt ut ein lapp der det står kva du skal betale, klea må betalast før styret bestiller dei samla frå Sport1.
Også andre enn medlemmar av klubben kan tinge kle, vi sel gjerne
til foreldre, søsken og andre som er sporty og treng treningskle. Det er ikkje klubbtrykk på desse klea.
Prisar Anorakk vaksne (xs-xxl) kr 260/ born (128-164) kr 195

Prisar Klubbress vaksne (xs-xxl) kr 650/ born (128-164) kr 455
Genser ( ny modell ) 260 / 230
Genser ( same modell som tidlegare ) 230 /195
Innkalling til årsmøte i
KFUM Kameratane Volda
Stad: Uppheim storesalen
Tid: 9. april kl 1800
Innkalla: Alle
Sakliste:
· Val av møteleiar
· Val av referent
· Val av 2 personar til underskriving av protokoll
· Godkjenning av innkalling
· Gjennomgang og godkjenning av årsberettning
· Gjennomgang og godkjenning av regnskap
· Val til hovudstyre
· Innkomne saker:
o KFUM Kameratane Volda endring av namn til KFUM Volda.
· Ymse
Blindheimscup 5. og 6. april
Heimeside http://www.blindheimscupen.no/
Årsmøte onsdag 9. april kl. 18 i storesalen på Uppheim.
Sakliste for årsmøte vert lagt ut på sida. Ei av sakene som skal handsamast er namneendring til KFUM Volda. Enkel serverig.
GU16,17,19 og Herre får besøk frå Latvia.
Fredag 11. april er det velkomstmiddag på omsorgssenteret.
NM U19 år i Øystese 18.-20 april 2008.
Eit gutelag stiller.
NM U16 år i Trondheim 25-27 april 2008.
Eit jentelag og eit gutelag stiller.
NM U17 år i Bodø 2.-4 mai 2008.
Eit jentelag stiller.
Klart for bestilling av UMBRO Klubbdress, anorakk, to sortar genserar og to sortar bukse.
Du kan fritt velje kva du likar best og kombinere ulike storleikar på bukes og overdel. Klubbdressen har lik storleik på jakke og bukse.
Prøving:
Damelaget onsdag 2. april frå kl. 17 i Voldahallen
JGU16,U17,U19 og herre laurdag 12. april ved intern turnering i høve besøk frå Latvia.
U12 G98 ( Bratteberg) på trening fredag 4. april og på trening fredag 11. april.
Prisar vaksne (xs-xxl) / born (128-164):
Klubbress kr 650 / 455
Anorakk 260 / 195
Genser ( ny modell ) 260 / 230
Genser ( same modell som tidlegare ) 230 /195
Bukse ( ny modell ) 230 / 195
Bukse ( same modell som tidlegare ) 195 / 165
Tillegg for dei som skal ha namnetrykk:
Pris spelarnamn: 40 kr på genser/jakke, 60 kr loddrett trykk på bukse.
For medlemmar i klubben vert det trykt KFUM VOLDA på ryggen og reklame for IK reklame. Framme reklame for sparebanken Møre og for Sport1.
Tillegg for dei som skal ha namnetrykk:
Pris spelarnamn: 40 kr på genser/jakke, 60 kr loddrett trykk på bukse. Tingast direkte hjå IK Reklame i ettertid av den enkelte.
Det er leveringstid på klea, så dei kjem nok ikkje før NM. Ved bestilling av kle vert det delt ut ein lapp der det står kva du skal betale, klea må betalast før styret bestiller dei samla frå Sport1.
Også andre enn medlemmar av klubben kan tinge kle, vi sel gjerne
til foreldre, søsken og andre som er sporty og treng treningskle. Det er ikkje klubbtrykk på desse klea.
Prisar Anorakk vaksne (xs-xxl) kr 260/ born (128-164) kr 195

Prisar Klubbress vaksne (xs-xxl) kr 650/ born (128-164) kr 455
Genser ( ny modell ) 260 / 230
Genser ( same modell som tidlegare ) 230 /195
Det var 21 lag som var med på Volley 2000 turneringa i Voldahallen 9. mars 2008. Vi starta med U12 turneringa. Der spelte jentelaga i ei klasse og gutelaga i ei klasse. I klassa U12, under 12 år, er det ikkje sluttspel eller resultatrapportering. Her er det viktigaste at borna har det kjekt og at laga får prøve seg mot kvarandre. KFUM Volda J16 var arrangør av turneringa, og jenten frå dette laget stod for døming i mange kampar. Dei stilte som dommarar, 2.dommar og sekretær, i tillegg til at dei dreiv kiosk. Foreldregruppa var også i sving. Det var også andre dommar som hjalp til, forutan dei oppsette laga som skulle døme. Alle spelarane i U12 fekk fine Sparebanken Møre-premiar, strikka lue og reflekspins.
Seinare på dag gjekk vi over til U14 turneringa. I U14 turneringa var det ei klasse for jenter under 14 år, oppdelt i to puljer, og ei klasse for gutar under 14 år i ei pulje. For å unngå uavgjort i sluttspelet var det tre sett i mange av kampane. Det vart delt ut lagpokalar til første-,andre og tredjeplassane i både jente- og guteklassene. I tillegg fekk alle deltakarane på U14 turneringa fine premiar frå Sparebanken Møre. Turneringa sin siste kamp var finalekampen i jenteklassa mellom Vanylven IL 2 - Vanylven IL 3, der Vanylven IL 3 gjekk av med seieren i tredje omgang.

Iris og Hege frå J16 deler ut av premiar til deltakarane av Volley 2000.
Vi rakk ikkje å ta fleire foto på turneringa, og vi skulle gjerne hatt fleire. Har du tatt bilete som vi kan få bruke på heimesida og i avisa så send dei til margrete@skaare.net 
Klasse GU14 Pulje Lag Bane Tidspunkt/res
1 Blindheim G14 4 - Blindheim G14 1 Bane 1 () 1 - 1 (19-25, 25-19)
1 Vanylven IL G - Blindheim G14 3 Bane 2 () 2 - 0 (25-18, 25-20)
1 Blindheim G14 2 - Blindheim G14 1 Bane 1 () 0 - 2 (20-25, 24-26)
1 Blindheim G14 4 - Blindheim G14 3 Bane 2 () 1 - 1 (25-23, 18-25)
1 Blindheim G14 2 - Blindheim G14 4 Bane 1 () 2 - 0 (27-25, 25-16)
1 Vanylven IL G - Blindheim G14 1 Bane 2 () 2 - 0 (25-18, 25-21)
1 Blindheim G14 2 - Vanylven IL G Bane 1 () 0 - 2 (23-25, 18-25)
1 Blindheim G14 1 - Blindheim G14 3 Bane 2 () 2 - 0 (25-16, 25-17)
1 Blindheim G14 4 - Vanylven IL G Bane 1 () 0 - 2 (15-25, 20-25)
1 Blindheim G14 2 - Blindheim G14 3 Bane 2 () 2 - 0 (25-17, 25-21)
Enkel serie om 3. plass Blindheim G14 4 - Blindheim G14 3 Bane 1 () 1 - 2 (18-25, 25-13, 13-15)
Enkel serie om 3. plass Blindheim G14 4 - Blindheim G14 2 Bane 1 () 0 - 2 (21-25, 25-27)
Enkel serie om 3. plass Blindheim G14 3 - Blindheim G14 2 Bane 1 () 0 - 2 (23-25, 22-25)
Finale Blindheim G14 1 - Vanylven IL G Bane 1 () 0 - 2 (19-25, 21-25)
Gutter under 14 - Pulje 1
Lag S V T Settforskjell Poengforskjell P
Vanylven IL G 4 4 0 8 - 0 200 - 153 8
BIL Blindheim G14 1 4 2 1 5 - 3 184 - 171 4
BIL Blindheim G14 2 4 2 2 4 - 4 187 - 180 4
BIL Blindheim G14 4 4 0 2 2 - 6 163 - 194 0
BIL Blindheim G14 3 4 0 3 1 - 7 157 - 193 0

Klasse JU14 Pulje Lag Bane Tidspunkt/res
1 Vanylven IL 3 - Vanylven IL 1 Bane 3 () 2 - 0 (25-15, 29-27)
1 Blindheim 3 - Vanylven IL 1 Bane 3 () 0 - 2 (16-25, 23-25)
1 Blindheim 3 - Vanylven IL 3 Bane 3 () 0 - 2 (16-25, 17-25)
2 Blindheim 4 - Vanylven IL 4 Bane 3 () 1 - 1 (25-22, 23-25)
2 Blindheim 4 - Vanylven IL 2 Bane 3 () 0 - 2 (18-25, 18-25)
2 Vanylven IL 2 - Vanylven IL 4 Bane 3 () 1 - 1 (25-15, 18-25)
Semifinale 2 Vanylven IL 4 - Vanylven IL 3 Bane 3 () 1 - 2 (25-20, 19-25, 12-15)
Semifinale 1 Vanylven IL 1 - Vanylven IL 2 Bane 2 () 0 - 2 (18-25, 19-25)
Semifinale B Vanylven IL 4 - Blindheim 3 Bane 2 () 2 - 0 (25-15, 26-24)
Semifinale B Vanylven IL 1 - Blindheim 4 Bane 3 () 2 - 1 (19-25, 25-21, 15-11)
5.-6. plass Blindheim 3 - Blindheim 4 Bane 2 () 2 - 0 (26-24, 25-19)
Bronsefinale Vanylven IL 1 - Vanylven IL 4 Bane 3 () 1 - 2 (26-28, 26-24, 13-15)
Finale Vanylven IL 2 - Vanylven IL 3 Bane 3 () 1 - 2 (17-25, 25-20, 12-15)
Jenter Under 14 - Pulje 1
Lag S V T Settforskjell Poengforskjell P
Vanylven IL 3 2 2 0 4 - 0 104 - 75 4
Vanylven IL 1 2 1 1 2 - 2 92 - 93 2
BIL Blindheim 3 2 0 2 0 - 4 72 - 100 0
Jenter Under 14 - Pulje 2
Lag S V T Settforskjell Poengforskjell P
Vanylven IL 2 2 1 0 3 - 1 93 - 76 2
Vanylven IL 4 2 0 0 2 - 2 87 - 91 0
BIL Blindheim 4 2 0 1 1 - 3 84 - 97 0
For å opne velkomstbrevet på pdf-format treng du Adobe Reader. Les meir her»
Til påmelde lag
Volley 2000 (U12-U14) i Voldahallen søndag 9.mars 2008
Arrangør er KFUM Volda
Kampoppsettet ligg ved, og det er også lagt ut på heimesida til KFUM Volda http://www.skaare.net/kfum/
Volley 2000 har litt andre reglar enn tradisjonell volleyball. I hovudsak er det tre ting: tal spelarar på bana, ein sprett er tillate mellom ballberøringane og ein kan serve helt fram til 3-meterslinja. Tanken er at alle raskt skal meistre spelet og ha glede av det ! I U12 kampane vert det i tillegg lov til ein ekstra sprett mellom ballberøringane.
Volley 2000 reglane og U12 reglane ligg ved.
U12 – under 12 år
Det er påmeldt 10 lag, og gutar og jenter spelar i kvar si klasse. Laga spelar med volley 2000 reglar, og i tillegg U12 reglar.
Lagleiarmøte ca 20 minutt før U12 turneringa ved Gunvor Bergem Lia, mobil 92231574.
Kvart lag får spele fire kampar. Alle kampane er tosetts kampar. Dvs at ein kan få resultatet 1-1 i sett. Det er berekna 20 minutt pr. kamp. For å få avvikla alle kampane etter oppsett plan, blir det spelt berre om 13 poeng i kvart sett. Dvs at ein startar setta på 12-12 og spelar først til 25. Kvart sett må vinnast med minst to poeng. Det vil ikkje bli arrangert plasseringsspel eller finalar i U12-klassa, jf. vedlagde reglar. Der laga er sett opp til å døme er det heile klubben som har ansvaret og ikkje akkurat det laget, det må bli slik for å få døminga til å gå opp. I tillegg vil arrangørane stille med dommarar når det er naudsynt. Etter U12 turneringa er det felles premiering av alle spelarane med ein liten ting.
U14 – under 14 år
Det er påmeldt 11 lag, og gutar og jenter spelar i kvar si klasse. Laga spelar med volley 2000 reglar.
Lagleiarmøte ca 20 minutt før U14 turneringa ved Gunvor Bergem Lia, mobil 92231574.
Jentene er inndelt i 2 puljer og gutane i ei felles pulje. Alle kampane er tosetts kampar. Dvs at ein kan få resultatet 1-1 i sett. Det er berekna 20 minutt pr. kamp. For å få avvikla alle kampane etter oppsett plan, blir det spelt berre om 13 poeng i kvart sett. Dvs at ein startar setta på 12-12 og spelar først til 25. Kvart sett må vinnast med minst to poeng. Der laga er sett opp til å døme er det heile klubben som har ansvaret og ikkje akkurat det laget, det må bli slik for å få døminga til å gå opp. I tillegg vil arrangørane stille med dommarar når det er naudsynt. Premiering til første-, andre- og tredjeplass.
Deltakaravgift kr 300 pr lag skal betalast til KFUM Kam Volda 3910 33 92660 så snart som råd.
Det er kiosk i hallen under heile turneringa.
Pizza, kaffi, sveler, kake, påsmurde bagettar, brus.
Mvh KFUM Kam Volda
Turneringsansvarleg Margrete Apelseth Skaare
Mobil 95 20 83 51
Norges Volleyballforbund
Trude Torgersen
21026200 fax l 97059637 mob

Annonse i Møre laurdag 8.mars 2008.
Gjeld alle seriar, 2. divisjon og U16 og U17 (i Møre og Romsdal)
Når det vert arrangert kampar av KFUM Kam Volda skal lagleiaren rapportere resultatet på Cupassist.
Kampskjema skal sendast til Norges Volleyballforbund, 0840 Oslo, seinast første kvardag etter kampen. Om ikkje rapporteringa vert gjort får laget bot frå NVBF.
Les meir: http://www.volleyball.no/regionalt/t2.asp?p=72104&siteid=223308
Om det er vanskeleg å registrere resultat i Cupassist kontakt Margrete Apelseth Skaare 70076216 / 95208351.
Det er snart klart for bestilling av blå klubbdressar, windbreaker (anorakk), genser og joggebukse. Det vil verte annonsert prøving av kle i løpet av nokre veker, vi har ikkje klart genserar og joggebuksene til prøving enno.
Prisane vil verte slik:
Umro Speciali blå klubbdress
Kr 450 for born str 128-164
Kr 650 for vaksne str XS - XXXL
Medlemmar får gratis trykk KFUM Volda / logo og spelarnamn, og det er reklame på dressane. Foreldre og syskjen som ynskjer å kjøpe klubbdressar får kjøpe til same pris, men utan klubbnamn og reklame, det er då berre Sport1 logo.

Umbro Speciali blå Windbreaker ( anorakk)
Kr 200 for born str 128-164
Kr 260 for vaksne str XS - XXXL

Genser kr -- ( har det snart klart)
Joggebukse kr --
Søndag 2. mars er det seriekampar i Voldahallen. Kiosk. Gratis tilgjenge og alle velkomne.
U17 Jenter - Møre og Romsdal
KFUM-Volda - Blindheim 1 Voldahallen 2 02.03 - 14:00
blindheim 1 - Ålesund VK Voldahallen 2 02.03 - 15:00
KFUM-Volda - Ålesund VK Voldahallen 2 02.03 - 16:00
2.div. Kvinner - Møre og Romsdal
Kampoppsettet er endra, Blindheim flyttar sine kampar grunna elitekamp.
KFUM-Volda - Blindheim kl.14:00 går ut
Blindheim - Vanylven IL kl.15:30 går ut
KFUM-Volda - Vanylven IL kl.17:00
Annonse i Møre torsdag 28.februar 2008:
Annonse i Møre laurdag 1. mars 2008:

Det er ope for påmelding til U14 / U12 / Volley 2000 turnering i Voldahallen 9.mars 2008.
Kopling til påmelding: http://www.cupassist.com/pamelding/redirect.php?tknavn=0708mru14u12v2000voldahallen9mars
Velkomen til ei triveleg turnering i Voldahallen 
JU16 er arrangør ved Gunvor Bergem Lia og Margrete Apelseth Skaare, meir informasjon om dette kjem til foreldregruppa seinare.
No har vi KFUM Volda fått nye drakter til alle laga !
Tusen takk til Sparebanken Møre som har gjeve oss dette. 
Dei nye ballane er på plass 
Herrelaget har fått 10 nye ballar,
Damelaget har fått 5 nye ballar,
J91 har fått 4 nye ballar,
J93 har fått 6 nye ballar,
Rekruttpartia i hallen har fått 20 nye ballar og
Rekruttpartiet på Bratteberg har fått 10 nye ballar.
Ta godt vare på ballane, dette er eit kjempeløft for klubben!
Erfaringar har vist at det ikkje er lurt å ta med nye, fine ballar til oppvarming på turneringar. Bruk heller av dei gamle ballane til dette og spar dei nye ballane til bruk heime.
Bernt Krøvel i Sparebanken Møre har gjeve draktene som har kome til Gunvor Bergem Lia. Tightsane til jentene/damene er forseinka og vert truleg ikkje levert før etter vinterferien. Gute-/herredraktsetta (inkl shortsane) vart sendt frå Ålesund i dag.
Dei som skal spele kamp i helga kan ringe Gonvor Bergem Lia for å hente drakter.
mobil 92231574
telefon 70051058
Det vert snart klart for bestilling av ny klubbdress, gensar og joggebukse.
Styret har arbeida med saka i lengre tid, og dei gode tilboda vi har forhandla fram vil vise att på prisen. ![]()
Vi håpar at prøving av kleda kan starte alt denne veka. Prøvedressar er tinga på Sport 1 i dag.
GNIST mørestipend har søknadsfrist 1. mars 2008
GNIST mørestipend går til talent i alderen 15-35 år, og volleyballspelarar kan søke i kategorien idrett. Dei som får stipenda kan få ulik storleik på stipenda.
Du må søke på stipendet sjølv.
Vinnarar av stipenda vert kontakta av Sparebanken Møre og annonsert.
Les meir Sparebanken Møre: http://www.sbm.no/investor/default.asp?cat=1672
Der finn du også søknadsskjema.
No ligg det eit program på nettet som viser oppstillingar.
Les meir: http://www.volleymedia.no/altomvolley/trening/article2601048.ece
Styremøte i grupperom i kjellaren på Uppheim.
På styremøtet skal blant anna dette handsamast:
Val av klubbdress, eventuelt gensar og joggebukse.
Som medlem i KFUM Kam Volda kan du melde deg på SportYpåske på Lillehammer til medlemspris. Påmeldinga er i gang.

Les meir: http://www.kfuk-kfum.no/side1416
Påmelding: http://www.kfuk-kfum.no/side1516
Henta frå http://www.kfuk-kfum.no/:
15. - 19. mars 2008
Få med deg årets store KFUK-KFUM-happening! Vi lanseres for første gang SportYpåske, en fantastisk måte å starte påska på. Tenk deg å suse ned Hafjell med gode venner (eller slappe av i gondolen på vei opp), kjøre bobrafting eller skeleton i Bob og akebanen, langrenn på Sjusjøen eller delta i turneringen. Sett av første helga i påska!
SportYpåske på Lillehammer kommer til å bli et fast årlig KFUK-KFUM arrangement for deg mellom 16 og 25 år. På dagtid kommer det til å bli en rekke forskjellige sportsaktiviteter og på kvelden kan du slappe av med gode venner, bli med på "playstation"-konkurranser, høre god musikk eller rett og slett delta i den store KFUK-KFUM-fotballturneringen.
Slik ser vi for oss en dag på sportYpåske (med mulighet til endringer):
07-09: Frokost
10-17: Aktiviteter med matpakke
18-23: Middag, bibeltime og kveldsprogram
Hele arrangementet starter med åpningssermoni i Lysgårdsbakken (og selvfølgelig tenning av OL-ild!). Overnatting og program skjer i Haakons hall og OL-anlegg rundt Lillehammer. Du velger selv hvilke aktiviteter du vil være med på (og som du betaler for).
Velkommen til Lillehammer og SportYpåske! Påmeldingen er startet!
På SportYpåske står aktivitetene i kø! Her blir det alt fra heftige hundre kilometer i timen i bob-banen til koselig kosting av curlingbanen. For å hjelpe deg med å planlegge dagene har vi satt sammen 7 pakker du kan velge mellom.
Programpakkar: http://www.kfuk-kfum.no/side1517
Sparebanken Møre er KFUM-Volda sin nye hovudsponsor.
Kontonummeret 3910 33 92660

KFUM-Volda jenter 16 på KM i Kristiansund.

Søndag deltok KFUM-Volda med eit samansett 16 –årslag under kretsmesterskapet i Kristiansund.7 av jentene er fødde i 1993 og to i 1992. Målsettinga var først og fremst å få kamptrening på eit høgre nivå enn i serien. 9 lag deltok i turneringa og dei var oppdelt i 3 puljer. Voldajentene var spente og litt nervøse før første kamp og spelte ikkje opp mot sitt beste mot Ellingsøy 1, denne kampen tapte dei 2-0. Etter at spenninga var utløyst og dei var varme i trøyene, spelte dei godt mot Blindheim 1 i andre kamp. Her viste dei godt samspel og vi fekk sjå mange gode enkeltprestasjonar. I denne kampen fungerte servemottaka godt og jentene viste kva dei var gode for ved nettet. Med god lagånd, sterk innsats og sikre servar vann dei 2-0. Lagleiar Solveig Festø kunne juble i lag med jentene. I mellomspelet møtte dei Blindheim 2, denne kampen måtte dei vinne for å kome til semifinale. Jentene møtte sterk motstand, dei vart usikre i mottak og mange ballar havna på nettkanten slik at det ikkje vart kraft i avslutningane. Men dei kjempa med nebb og klør og halte innpå. Blindheim hadde sterke servar og drog i frå mot slutten av settet. Volda tapte første sett 25-17. Andre sett vart svært spennande, laga fulgte kvarandre poeng for poeng. Servemottaka til voldajentene vart meir presise og oppleggaren fekk betre ballar å jobbe med. Dermed kunne kantspelarane sette inn smash etter smash. Blindheimsjentene ville ikkje gi seg og fekk inn nokre gode servar, settet vart svært jamnt, men Blindheim trakk det lengste strået og vann 26-24. Blindheim 2 vart kretsmestrar etter å ha slått Langevåg i finalen. I siste kamp mot Blindheim 3 var KFUM-Volda klart betre enn motstandarane, mange av servane ga poeng direkte. Mottak, opplegg og angrep fungerte etter boka store delar av kampen. 2-0 seier og jentene fekk ein god 5.plass i KM. Neste år satser vi på å kome på seierspallen!
For KFUM-Volda
Gunvor Bergem Lia
SF/MR Sonemesterskap U17 Førdehuset 16.feb, påmeldingsfrist 3. februar.
Påmelding: http://www.cupassist.com/pamelding/redirect.php?tknavn=0708smu17sfmr16februarfrdehuset
Påmeldingsfrist 27.januar: SF/MR Sonemesterskap U19 Førdehuset 09.feb.
Påmelding: http://www.cupassist.com/pamelding/redirect.php?tknavn=0708smu19sfmr9februarfrdehuset
22.-24.februar er det klart for ny samling på TVN for spelarar fødde i 1991 og 1992.
Les meir: http://www.volleyball.no/t2.asp?p=4773&x=1&a=217122
Les meir: http://www.toppvolley.no/
Oppmenn på begge U16 laga, Ingvill Vik og Ole Peder Dalen, har fått melding om at dei skal utpeike eller vere valnemnd for å finne kandidatar til styret. Val av styret vert gjort på årsmøtet 9. april kl 18 i storesalen på Uppheim.
Ta vel i mot valnemnda og ta på deg eit styreverv 
Det er sosialt å vere med i styret, arbeidsmengda er grei og ikkje minst er det viktig å engasjere seg for at borna våre skal ha ein triveleg stad å lære volleyball. Styremøte om lag ein gang i månaden.
På val i år er:
Leiar - Kai Evensen går av
Nestleiar
Sekretær
Materialforvaltar - Eldar Haddal går av, nytt at materialforvaltar er med i styret.
2 vara
( Marit Haddal går ut av styret, Margrete Apelseth Skaare går ut av styret).
Dei som ikkje er på val er:
Kasserar: Gunvor Bergem Lia
Styremedlem: Svanhild Iversen Mo
Dei vart valde for to år i 2007, og er derfor ikkje på val.
Kai Evensen kan fortsette som sponsoransvarleg.
Margret Apelseth Skaare kan fortsette som webansvarleg.
Referat frå årsmøtet 24.04.2007 ligg her:
Blindheimscupen 2008 arrangeres 5. og 6. april. for 27.gang.
Informasjon om årets Blindheimscup finner du på http://www.blindheimscupen.no/ og du kan også laste ned informasjon direkte her:
Informasjon om Blindheimscupen 2008
http://idrett.speaker.no/Downloads/66716/docs/blindheimscup2008.pdf
Reglement for Blindheimscupen 2008
http://idrett.speaker.no/Downloads/66716/docs/REGLEMENT_2008_BILCUP_N3_2.pdf
Det er også mulig å ringe kontoret på telefon 70151075
Vi vil gjerne oppfordre lagene om å være tidlig ute med påmelding, spar 200 kroner pr lag ved å melde på FØR 7.mars! - Da øker påmeldingsavgiften med 200 kroner!
Blindheimscupen har lenge vært landets største volleyballturnering for aldersbestemte lag, og vi må hvert år si nei til lag som ønsker å delta. Vårt mål er ikke å være størst, men å ha et best mulig tilbud både sportslig og sosialt slik at deltakerne ønsker å komme tilbake også neste år.
Vi gleder oss til å treffe dere igjen!
Med sportslig hilsen
Jens Morten O. Corneliussen
NVBF har gjort ei ny vurdering i saka, og kome fram til at det som stod i reglementet som vart lagt ut på nettet 6.11.07 er gjeldande for sesongen 2007/2008.
I NM U19 er det i sesongen 2007 / 2008 ope for spelarar fødde i 1989, 1990, 1991, 1992 og 1993.
Les heile saka: http://www.volleyball.no/t2.asp?p=4773&x=1&a=216842
Fleire reglar å passe på:
§§2.1 Deltakelse
Alle lag utgått fra klubber som er medlem av Norges Volleyballforbund, kan delta i NM U19 ved å melde seg på til sonemesterskapet i sin konkurransesone.
Har en spiller først deltatt på ett av klubbens lag, kan vedkommende ikke delta på noen av klubbens andre lag i samme runde (SM og/eller NrtU19) i samme mesterskap.
Dette innebærer at klubber som stiller med flere lag i NM, kun kan benytte spillere på et av klubbens lag (ingen overgang mellom lag i samme klubb) i samme runde (SM og NrtU19 tilhører samme runde).
Dersom spillere har spilt på et av klubbens lag i den ene turneringen, kan ikke disse spille på noen andre av klubbens lag i neste turnering (SM og NrtU19).
Selv om en klubb har flere lag kvalifisert for landsfinalen ut fra plassering i SM eller NRU19, kan klubben likevel bare stille med et lag i landsfinalen.
Klubbens best plasserte lag i SM har rett på deltakelse i landsfinalen. I landsfinalen kan imidlertid en klubb stille med de spillere som den disponerer over, uavhengig om de har spilt for andre lag i klubben i SM/NrtU19.
I sonemesterskapet kan et lag spille med 5 spillere på banen. Et lag i landsfinalen kan maksimalt bestå av 12 spillere. Liberospiller kan variere fra kamp til kamp. Det skal være 6 spillere på banen til enhver tid.
Sølvmedaljer til KFUM-Volda Jenter U17

KFUM-Volda U17 som fekk sølvmedaljer etter finaletap for Blindheim i KM U17 (PS ! Jentene har to medaljer fordi dei også no fekk utlevert sølvmedaljene dei vann i KM U19 i desmeber 2007) Bak frå venstre : Guro Bjerkhagen Standal, Marie Humberset, Edsa Morales, Synnøve Flugekvam Nordang, Marie Bøe Hunnes, Katinka Øvregård, Sofie Berg-Rusten (som vert oppmuntra av småsøsrene sine; Regine og Rakel) Framme frå venstre : Ingrid Festø, Birte Haddal og Sigrid Marie Mo.

Finalelaga : Blindheim sine gulljenter bakerst og KFUM-Volda sine sølvjenter fremst.
KM-finalen i Jenter U17 mellom Blindheim og KFUM-Volda i Blindheimhallen laurdag vart aldri så jamn og spennande som ein hadde håpa på. Fleire av jentene på Volda-laget hadde i den siste veka før denne viktige kampen vore sjuke, og måtte halde senga i staden for å trene. I tillegg måtte laget sin faste oppleggar, Sofie Berg-Rusten, stå over p.g.a feber. Difor var det eit noko redusert Volda-lag som stilte i denne KM-finalen. Blindheim fekk lett spel, og vann finalen som dei ville. Sluttresultatet vart 2:0 (25-18, 25-14).
Det har vore mange jamne og harde kampar mellom KFUM-Volda og Blindheim i denne sesongen, og voldajentene har nok korta ned på Blindheim sitt forsprang. Men i slike toppkampar, kjem Blindheim sin breidde i spelarstallen kome ekstra godt med. KFUM-Volda har berre 10 jamne spelarar, og når 3-4 er sett tilbake p.g.a. sjukdom, vert det ei litt for tynn tropp. I tillegg er det tydeleg å merke at når ein kjem til så viktige kampar som ein KM-finale er, ja då mobilserer BIL-jentene litt ekstra ! Mange av Blindheimjentene har vunne det meste mot KFUM-Volda heilt sidan 12-årsalder, og mobiliserer då litt ekstra for å vise at dei framleis er best ! Ein Blindheim-spelar (med mange Volda-gener!!!) utmerka seg i denne kampen, og det var Line Ellingsen Ranheim. Ho hadde full kontroll i servemottak, og la grunlag for eit variert og flott angrepsspel frå Blindheim si side. I tillegg har Line sjølv ein sterk serve, og er smart som angrepsspelar. I finalen fekk ho etterkvart følgje av fleire som sto fram med solid spel; særleg merka vi oss mykje flott samspel mellom oppleggar Eline Kavli Nygård og senterspelar Nastasia Vieux.
På eit litt redusert Volda-lag, ”vikarierte” Birte Haddal som oppleggar. Ho gjorde ein god innsats i denne viktige og vanskelege rolla. Birte er til vanleg laget sin hovedmottakar, men er svært allsidig, og kan gjere nytte for laget på fleire posisjonar. Elles fekk både Katinka Øvregård og Sigrid Marie Mo ved fleire høve vist at dei har hatt god framgang i denne sesongen. Synnøve Flugekvam Nordang held også fram med å imponere – trass at ho først kom med på dette nivået i fjor haust, har ho etablert seg som ein stødig spelar, både i angrep og forsvar.
Volleyballsesongen er no inne i si viktigaste periode. Det er ”viktige kampar” nesten kvar helg, og difor vonar vi at spelarane held seg friske i tida framover. Alt komande helg skal dei fleste spelararne til Norgesmeisterskapet i volleyball for vidaregåande skular som vert arrangert i Førde. Her vil Volda-laget få nok eit tøft møte med mange Blindheimsjenter, sidan Fagerlia vgs er eit av laga i Vold vgs si innleiingspulja. Dei to andre laga i pulja er Sortland vgs og Rjukan vgs. I starten av februar skal KFUM-Volda prøve å kvalifisere seg til to NM. Først er det sonemeisterskap for U19, og deretter sonemeisterskap for U17. Førdehuset er arena for begge desse kvalifiseringane, og jentene frå Blindheim vert ein av dei hardaste motstandarane i begge desse kvalifiseringane. I tillegg vil sterke lag frå Førde, Naustdal (Tambarskjelvar), Ålesund VK og Kristiansund VBK vere utfordrarar til NM-plassar frå vår Region NordVest.
Ref. GH
Som medlem i KFUM Kameratane Volda kan du melde deg på YMCA Praha 2008 gjennom TenSing Volda Ørsta. Arrangementer er i august. Det er Europeisk YMCA som står som arrangør, internasjonale KFUK-KFUM.
Mottoet for festivalen er:
REAL LIFE HAS NO BORDERS
THEREFORE WE COME FROM
ALL OVER THE WORLD
WITH A DEEP WISH TO
LEARN AND RESPECT
TO LOVE AND UNDERSTAND
SO THAT WE ALL MAY BE ONE
IN THE LIGHT OF JESUS CHRIST
Les meir: http://uppheim.net/tensing/
Prisen vert minst 5000.
Les meir: http://www.kfuk-kfum.no/side1415
Les meir: http://www.ymca2008.com/
Ta raskt kontakt om du vil vere med. Kontakstperson TenSing: Anne-Marit Bae Strand
Mobil 48126285
e-post»
Frå fredag 25. til søndag 27. januar er det uofisielle norgesmeisterskapet i volleyball for vidaregåande skular på Førdehuset. Med 57 påmeldte lag er dette ny rekorddeltaking, og sikkert eit av norges største volleyballarrangement.
Klasse G
Åmli Titans - Volda VGS Bane 9 () 25.01 - kl. 19:00
Volda VGS - Sogndal Vgs Bane 7 () 26.01 - kl. 11:00
Klasse J
Volda VGS - Rjukan Volley Bane 6 () 25.01 - kl. 17:00
Volda VGS - Fagerlia Bane 3 () 26.01 - kl. 08:00
Les meir: http://www.fvbk.no/
Program 2008: http://www.volleyball.no/files/%7B22BB234A-843E-4994-BF1E-ECE5F0730429%7D.doc
Kampoppsett og resultat frå meisterskap i år: http://www.cupassist.com/resultater/vis.php?turn=mvgs_2008forde
Resultat frå alle mesiterskap for videregående skular: http://www.volleyball.no/t2.asp?p=42818
Les omtale i Møre Ranking 2.div kvinner »